Velkommen til sida mi om resonansprosessar/konstellasjonar

Treng du å sortere tankar og følelsar, har du vanskelege avgjerder som må takast, ynskjer du sjølvutvikling eller terapi? Orda vi brukar er underordna. Ynskje om endringar psykisk, fysisk eller i relasjonar til andre kan romme så mangt. 

Målsettinga er å nøste opp i ting, litt etter litt, så det går an å leve betre med seg sjølv og med andre. Heilare, friare, meir i balanse.       

 

Eg arbeider i tråd med dr. Franz Ruppert sin Identitetsorientert Psykotraume-teori og -terapi. Forkorta IoPT. Dei teoretiske grunnpilarane er tilknytningsteoriar og traumeteoriar som det er stor einighet om i vår tid. Gjennom mange års forskning har traumeteorien IoPT blitt til. Tidlege erfaringar i livet kan ha stor innverknad på både fysisk og psykisk helse. Det samme gjeld overtatte traumer frå nære slektningar. Ved hjelp av samtale, resonans gjennom konstellasjon og refleksjon kan ein bearbeide litt etter litt og slik få det betre. Ein setning som uttrykker det ein vil set ramma for det som skal takast opp.

Det er enkelt, jordnært, forbløffande og mange rapporterer at det skapar endringar. Andre ord eg har høyrt er snodig, merkelig. Eller som ei oppsummering: det vi gjer er sjølvutforskning som fører til sjølvutvikling.

Mitt bidrag i dette:

  • Resonasprosessar i gruppe. Opne grupper, deler av grunnutdanning, fast kveldsgruppe.

  • Samtale og resonansprosess for enkeltpersonar.

  • Veiledning for Traumeterapeutar IoPT/ studentar IoPT og andre.

  • Foredrag og presentasjonar.