Helse- og velværemesse på Stord

15.10.2014 20:07

No er det 10 dagar til messa på Leirvik skule på Stord!

Gler meg til å selgje bøker og presentere viktig arbeid!

Og så skal eg ha foredrag:)

 

Konstellasjoner i gruppe eller individuelt er ein god måte å bearbeide  ting som har skjedd i livet. Det kan vere sjølvopplevd, alt frå tidleg fosterstadie og framover. Det kan og vere følelsar/minner ein får med seg særleg frå mor. Vonde/traumatiske hendingar som ikkje er bearbeida fører til problematiske relasjonar til barn/partnar/foreldre, det kan slå ut i vondtar og helseplager eller psykisk sjukdom. I konstellasjonsprosessane arbeider ein på lag med eigne sunne og sterke deler for å kunne forstå og erkjenne. Først då kan ein gå vidare i livet. Konstellasjoner hjelper ein å finne heim til seg sjølv. 

Konseptet eg jobbar etter er utvikla av Dr. Franz Ruppert. Og eg har mi utdanning frå Institutt for konstellasjonar og traumearbeid i Oslo. Dei teoretiske grunnsteinane er tilknytningsteori og traumeteori. Metoden kallast Intensjonskonstellasjonar og består av samtale og å belyse ting ved hjelp av ein konstellasjon.

Foredraget har eg kalla: Korleis bearbeide den “bagasjen” vi har arva og fått med oss i livet?

—————

Tilbake