Om meg

Eg heiter Astrid Ersland Sandvik og er utdanna konstellatør ved Hellinger Instituttet i Norge 2009. (instituttet har seinare skifta navn til Institutt for Traumearbeid. IT) Utdanninga er DGfS godkjent.

Har veilederutdanning frå Hellinger Instituttet i 2010.

Eg har vore med i styret i fagforeninga Norsk Konstellatørforening sidan oppstart i 2012. Hausten 2016 skifta vi navn til Norsk Traumeterapeutforening NTF.

Eg har fylgt heile denne utviklingsprosessen frå Familiekonstellasjonar via Intensjonskonstellasjonar til Identitetsorientert Psykotraume-teori og -terapi. IoPT. Og eg er ikkje i tvil om at dette er den mest djuptgripande, skånsomme og presise metoden.

Eg er ein av dei godkjente veiledarane for våre medlemmer i Norsk Traumeterapeutforening.

Eg har gått to rundar på Dr. Franz Ruppert si internasjonale vidareutdanning i IoPT i Oslo, og startar på 3.kursrekke i januar 2017.

Eg kom i kontakt med dette miljøet i 2003 og er svært takksam for kva eg har fått av hjelp og inpirasjon!

Tidleg på 50-talet vart eg fødd på Bømlo i Sunhordland. På den tida var det veldig skambelagt og nærast tabu å snakke om slektningar som var psykisk sjuke og budde på institusjon. "Da e hol i gjerdet på Valo" skråla ungane, og det å nemna institusjonen var nok det næraste dei fleste av oss kom desse sakene. Folk trudde og at om små barn miste ein forelder/nær slektning i brå død skulle ein ikkje snakka så mykje om det. "Barn gløymer", "barnet må skånast", slik tenkte ein på den tida. Ein annan ting eg minnest er korleis vaksne kunne kommentera barns utagerande åtferd med kommentarar som desse: "han e nett so faren og bestefaren" "sånn har dei alltid vore i den slekto". Dette er haldningar som haldt seg langt inn i mitt yrkesaktive liv i barnehagen.

Eg er altså utdanna førskolelærar (1977) og har arbeidd i barnehage i mange år. Har fortsatt ein deltidsstilling der.

Over ein 13 års periode var eg utsending for NMS i Thailand. Forutan kjennskap til religion og kultur fekk eg m.a. erfare å føde/ha småbarn i ei heilt framand setting langt heimefrå. Eg fekk og godt innblikk i dei utfordringar einslege mødre hadde i thai-kulturen på den tida.

Eg har fire barn, fire svigerbarn og sju barnebarn som eg er stolt og glad for. Gleder og sorger er eg så heldig å fortsatt kunne dele med han eg gifta meg med i ungdommen.

 

Ved å kombinere arbeid som pedagog i barnehage med utdanningar på Hellinger Instituttet har eg fått utvida forståing for prosessar mellom menneske (alt har ein årsak) og har fått stor respekt for det enskilde menneske (alle har vi vår bagasje).  Med skråblikk mot barndomsminnene vil eg nevne nokre viktige felt der teori og erfaringar frå utallige konstellasjonar har gitt meg grunnleggjande ny innsikt:

  • Å erkjenne ting slik det verkeleg var og setje ord på det er første steg på vegen vidare i livet.
  • "Tiden leger alle sår" er på ingen måte korrekt. Traumer og store tap må bearbeidast, og terapi er nyttig.
  • Å sjå i konstellasjon korleis manglande eller skremmande tilknytning til mor verkar på eit barn er sterk kost. Som pedagog kan eg mykje om tilknytningsteoriane, konstellasjonar bekrefter til fulle at denne først tida i livet vårt er grunnleggjande.
  • Perspektivet på fleire generasjonar, traumer og tilknytningsmønster forklarer det ein før i tida så kjekt feia vekk med "sånn har dei alltid vore". Gjennom intensjonskonstellasjonar kan ein få støtte til å bryte gamle mønster. 
    

Eg vart våren 2014 registrert som konstellatør /traumeterapeut i Brønnøysundregisteret. Å stå i dette frivillige registeret er ei sikring av tilbodet. Det vil seie at forsikring, veiledning og kontinuerlig fagleg oppdatering er ivaretatt gjennom medlemskap i Norsk Traumeterapeutforening. Eg går jamnleg på kurs, og har veiledning hos Marta Thorsheim, leiar på IT. Yrkesetiske retningslinjer og taushetsplikt er grunnleggjande i praksisen min.

 

 Intensjonskonstellasjonar er eit unikt verktøy som steg for steg hjelper oss å erkjenne og bearbeide det som trengs for å koma vidare i livet. Difor held eg kurs for grupper  og konstellasjonar for enskildpersonar.