Resonansprosessar/konstellasjonar i gruppe

Vi set opp prosess for kvar enkelt etter ønske. Det er setningen din som fortel kva som skal jobbast med, og i den er også grensene for kor åpen du vil vere, kor djupt du vil gå. Det er eit litt etter litt arbeid, der vi leitar oss fram mellom å forstå, erkjenne, utforske. Å finne sammenheng mellom mønster/hendingar i vaksenlivet med barndom, fødsel og også hendingar i fleire av generasjonane bak oss  gir stor meining. Det er mykje snakk om traumer i vår tid. Og det å finne årsaken, det som skjedde, kan forandre på mykje av det som følest fastlåst i dag. Å stå som representant for andre gir også impulsar til eigen prosess. Det same gjeld om du berre ynskjer å sjå på utan å ta opp ditt eige tema. Alle i gruppa skriv under på taushetsløfte.